| HEIM | DRAKT/REPLIKA/FORMIDLINGSREKVISITA | STEINALDER | STEINALDER KVINNEDRAKT |

Steinalder kvinnedrakt

Steinaldersamfunna langs norskekysten var tilpassa eit variert økosystem, og hadde eit særs rikt ressursgrunnlag med fiske kombinert med jakt og fangst av store pattedyr i sjø og på land.

Etnografien viser at særskilt jeger-fiskarar med rikt og stabilt næringsgrunnlag har overskot til til å drive utstrakt fangst av pelsdyr. Rekonstruksjonen tek opp i seg dette momentet ved at parkasen er kanta med pelsverk frå ulv, rev og mår (imitasjon).

Etnografien viser framfor alt overskot i slike samfunn til å vektlegge stil og dekor også i kvardagsklede. Mellom mangfaldet i dekorasjonsteknikkar innanfor det arktiske kulturområdet, er det særskilt ein som går att, frå Nord-Europa i vest, gjennom Asia, Nord-Amerika til Grønland i aust: broderi med halsragget frå reinsdyr eller elg (Hatt 1916; Speck 1911; Turner 1979).

Fargenyansar i hovudmaterialet, anten det er skinn med eller utan pels, vert også ofte medvite brukt i draktsnittet. Skinn vart også farga: gjerne i bruntonar med eikebork eller hasselnøter, raudbrunt med borken frå older, raud, gul, oransje med oker, eller svart med kol, sot eller grafitt.

Snittet i drakta er lånt og bearbeidd frå ei kvinnedrakt brukt av Chuchifolket i Sibir. Merk også at skulderstykket er relatert til ponchoprinsippet som ein også ser spor av i snittet i kvinneskjorta i bronsealder.

Til parkasen høyrer leggings og sko basert på skofunnet frå Kvitingkjølen i Oppland.

Drakta kan også leverast dekorert med tenner frå rein, hjort eller elg, og ulike smykke i rav og bein.